Babettes gjestebod - Ragnhild Gudbrandsen og Nils Økland

Babettes Gjestebod – Ragnhild Gudbrandsen og Nils Økland Opplev den kritikerroste framsyninga med skodespelar Ragnhild Gudbrandsen og musikar Nils Økland. Denne sanselege historia fortel om...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
30.okt
2022
kl 19:00

Detaljer

Babettes Gjestebod – Ragnhild Gudbrandsen og Nils Økland

Opplev den kritikerroste framsyninga med skodespelar Ragnhild Gudbrandsen og musikar Nils Økland.

Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set

vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.

Duoen fortel: Me har ønska oss å spele denne framsyninga i kyrkjene. Frå vår ståstad utgjer desse romma ei særleg eigna ramme for å samlast om beretninga om Babette, som etter å ha vore prisgjeve andre si barmhjertigheit etter eit langt liv på flukt, får høve til å gje tilbake. Ho vinn i det store lotteriet og i staden for å gripe sjansen til å få eit liv i fridom og komfort, legg ho alle sine ressursar i å gje.

Karen Blixens novelle «Babettes gjestebod» er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga. Ragnhild Gudbrandsen har dramatisert stykket og omsett det til nynorsk. Nils Økland som var festivalmusiker under Sildajazz i 2021 medverkar musikalsk.

Av Karen Blixen

Dramatisering og skodespelar Ragnhild Gudbrandsen Regi Stig Amdam Musikk og musikkarangement Nils Økland Produsert av Det Vestnorske Teater og HiHat management.

Praktisk info

Enjoy-kode: 955422
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Kilde
LinTicket

Sponsede linker