Detaljer
Audun Automat kjem til jazzklubben torsdag 13. november. Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i jazzestetikken frå 70-talet, men musikken er samtidig frisk, moderne og full av overraskingar. Her får publikum alt frå lyriske perler til heftige, riffbaserte energiutblåsingar, levert av sterke solistar og eit drivande komp. Bandet blei starta av bassist, komponist og bandleiar Audun Ellingsen frå Ørsta, inspirert av Charles Mingus sitt kompromisslause uttrykk. Etter kritikarroste plater i 2008 (Night Creatures) og 2011 (Inside the Beehive) har bandet vore i dvale nokre år. Men i 2024 kom endeleg oppfølgjaren Uflaks, ei feiring av dei uventa glimt og tilfeldigheiter som oppstår både i livet og i musikken. På scena møtest fem av jazz-Noreg sine mest vitale musikarar. Erlend Slettevoll frå Volda er ein meister på Fender Rhodes, medan Torstein Lavik Larsen på trompet og Jørgen Mathisen på saksofon (kjend frå m.a. Krokofant) utgjer ei uimotståeleg frontlinje. Audun Automat er: Jørgen Mathisen – saksofon Torstein Lavik Larsen – trompet Erlend Slettevoll – Fender Rhodes Audun Ellingsen – bass Ole Mofjell – trommer Vel møtt
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
13/11 2025 kl 19:30
