Åsmund Nesse Duo - I levande live

Åsmund Nesse er ein artist og visesongar frå Bømlo i Sunnhordland. Han har gitt ut to album, "Lysning" (2015) og "Viser frå Vesterland" (2017) For tida er bømlingen i godt driv med å skriva nye...
11.mai
-
kl 16:00

Detaljer

Åsmund Nesse er ein artist og visesongar frå Bømlo i Sunnhordland. Han har gitt ut to album, "Lysning" (2015) og "Viser frå Vesterland" (2017)

For tida er bømlingen i godt driv med å skriva nye låtar til sitt tredje album, fleire av desse er allereie slopne ut, slik som til dømes singlane "Ør og fortumla", "Lunare lende" og "For deg, min venn"

På ein konsert med Åsmund er det alltid plass til både ein god dose skjemt og alvor. Songane har stor spennvidde frå vare rolege fingerplukkande viser, til meir fyrrige og humørfylle saker, med fellesnemnaren; norske tekstar på dialekt.

På Åtgaum laurdag 11 mai har han med seg den røynde musikaren og medbømlingen Frode Kvandal. Dei gler storleg seg til å opptre i levande live frå den intime scena

Vel møtt til ein trivelig ettermiddagskonsert.

Laurdag 11 mai, klokka 16

Praktisk info

Enjoy-kode: 533826
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.