star
star
star
star
star

Årnes - Abbortjern/Abborvann - Skansebakken

Dette er ein fin tur i grenseområdet mellom Nordmarka og Bærumsmarka. Turen går på blåmerka sti med unntak av nokre korte parti på grusveg. Både startpunkt og sluttpunkt ligg ved traseen til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 838794
Parkering ved Årnes. Buss er å anbefale.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
30 minutter
Lengde
9.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein fin tur i grenseområdet mellom Nordmarka og Bærumsmarka. Turen går på blåmerka sti med unntak av nokre korte parti på grusveg. Både startpunkt og sluttpunkt ligg ved traseen til 41-bussen. Turen kan sjølvsagt også gjennomførast motsett veg.

Abborvann, som også går under namna Abbortjern og Åbortjern, er eit naturleg punkt for ein lang og god pause. Her er det fleire idylliske og tilrettelagde bålplassar. Du kan også henge opp hengekøya, prøve fisket (hugs fiskekort) eller ta eit bad.

Frå Abborvann er det også mulig å gå ned til Fossum P via Østernvann (sjå https://www.ut.no/tur/2.23089/).

Stien er blåmerka heile vegen. Følg skilting til Abborvann fram til vatnet, og deretter mot Skansebakken.

Det er mulig å forlenge turen med ca. 5 kilometer ved å følge "Sørkedalen på langs"-ruta frå Skansebakken tilbake til Årnes.