star
star
star
star
star

Årdal - Nes (skitur)

Skituren frå Årdal i Jølster via Longevasshytta til Nes innst i Naustdal er ein klassikar som står på programmet til Indre Sunndfjord turlag på palmesøndag kvart år. Det er ein lang, men ikkje...
Foto: Jan Roar Sekkelsten

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 309237
Ta av frå E39 der det er skilta opp til Erikstad. Bomvegen inn til Legestølen blir ikkje rydda oom vinteren, så ein må finne plass til å parkere i vegkanten. Vis omsyn så smale vegar eller innkøyringar ikkje blir sperra.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
28.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skituren frå Årdal i Jølster via Longevasshytta til Nes innst i Naustdal er ein klassikar som står på programmet til Indre Sunndfjord turlag på palmesøndag kvart år. Det er ein lang, men ikkje altfor krevjande tur, sjølv om starteb med oppstiginga fra Legestølen til Såta og Stigsvatnet kan vere utfordrande nok. Her er feller under skia påkrevd, og dei steile fjella på kvar side gjer dalen rasutsett. Rasa her kan krysse dalen, så det ein må forhøyre seg med lokale kjentfolk om det er trygt å gå opp.

Vel oppe ved Stigsvatnet flater terrenget ut, og fellene kan takast av skia. Resten av turen går på vatne eller i lett, småkupert terreng. Her må ein forsikre seg om at isen er trygg, og vise respekt for elver og bekkar som kan gje djupe søkk i snøen, særskilt på våren. Hugs å halde god avstand til kantane.

Etter å ha kryssa Stigsvatnet dreier løypa vestover ved Kupa og snart er du ved Longevasshytta, ei sjølvbetent hytte tilhøyrande Indre Sunnfjord turlag. Herfrå går løypa rett over langevatna før den slynger seg i lette utforkøyringar nedover mot Vonavatnet. Etter å ha kryssa vatnet kjem ein til hytta til Naustdal Raude Kors. Vidare på ubrøyta veg ned til rydda parkeringsplass på Nes.