star
star
star
star
star

Ånås i Fjågesund.

Eit landemerke i Fjågesund (som betyr "det vakre, blide sundet") er den over 300 meter høge fjellveggen Hyvrenuten (442 moh) tilhøyrande fjellet Ånås (487 moh) Skiltet til Ånås står ved hovedvegen...
Foto: Roger Løfgren

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 799389
Parker ved grendehuset i Fjågesund ved Rv 304.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
20 minutter
Lengde
2.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Eit landemerke i Fjågesund (som betyr "det vakre, blide sundet") er den over 300 meter høge fjellveggen Hyvrenuten (442 moh) tilhøyrande fjellet Ånås (487 moh)

Skiltet til Ånås står ved hovedvegen (Rv 304), og det er parkering ved grendehuset (108 moh) Etter byggefeltet går ein på fin graskledd traktorveg fram til Tjørohjellen. Deretter på meir sti og det blir brattare fram til Jammerdalen. Det er laga ein steinsatt sti (veg) på ein del av partiet fram til Hyvrenuten. Steinvegen blei laga på 30-talet, for å køyre ut tømmer frå Ånås.

Fin utsikt frå Hyvrenuten ned i Telemarkskanalen og Fjågesund. God utsikt også til Næring her. Det er ca 1,9 km til Hyvrenuten frå grendehuset.

Fram til Ånås er det småkupert terreng i skogen. Eit parti kan bli noko bløtt ved mykje regn. På Ånås er det meir fjellparti, og god utsikt også her. Turen opp til Ånås er på 2,9 km.