Alle fantastiske ting

1: Iskrem 2: Vasskrig 3: Få vere oppe etter leggetid og sjå på TV 4: Fargen gul 5: Ting med striper Du er sju år og lagar ei liste over alle dei tinga som gjer livet verdt å leve. Mora di er...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
25.apr
-
kl 19:00

Detaljer

1: Iskrem 2: Vasskrig 3: Få vere oppe etter leggetid og sjå på TV 4: Fargen gul 5: Ting med striper

Du er sju år og lagar ei liste over alle dei tinga som gjer livet verdt å leve. Mora di er nemleg på sjukehus fordi «ho har gjort noko dumt», som faren din seier. Og lista er forsøket på å gjere henne glad.

24: Spagetti bolognese Lista blir lengre og lengre.

313: Ha piano på kjøkkenet Gjennom oppturar og nedturar i livet føyer du til stadig nye ting.

4997: Gåver du faktisk vil ha, men ikkje har ønskt deg

No er du vaksen, og lista nærmar seg svimlande ein million oppføringar. Er det nok? Til at livet er verdt å leve?

«Alle fantastiske ting» leitar etter dei store og små detaljane i livet som fyller oss med meining. Eller kanskje er det detaljene som er sjølve livet? Med blikket festa på dei riktige tinga kan vi kanskje finne det som løftar oss opp.

Duncan Macmillan sin tekst har tatt store delar av teaterverda med storm og sjarmert publikum kor enn den har blitt vist. Det er berre å gle seg til å bli med skodespelar Harald Ottesen Nødtvedt inn i denne morosame og rørande framsyninga om noko så krevjande som depresjon og livets tyngste oppoverbakkar.

Praktisk info

Enjoy-kode: 126820
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
Eventim

Sponsede linker