star
star
star
star
star

Aksla (693 m.o.h.) via Sletthaug (485 m.o.h.) frå Aurdal

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved...

Praktisk info

Enjoy-kode: 200777
Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om ulike turar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved Fjellgardsbakken og ein lenger oppe mot hytta. Mest oppe ved hytta – i siste bratte bakken - ser du ein stein som er blitt til 3 store steinar på høgre sida av vegen. På Sletthaug må du ta ein pause og nyta utsikta over bygda. Hytta er open for alle og her kan du skriva deg inn i hytteboka. Stien vidare er godt merka – du får nokre våte parti på flaten før du byrjar på vegen oppover i bratt terreng gjennom bjørkeskog til Durmålskar. Opp ved Durmålskar er det skilta. Følg skilt til Aksla til venstre. Varden på Aksla vart laga den 17. okt. 1999 - av 18 ivrige personar. Dette er ein tusenårsvarde –ein milleniumsvarde. Det var meininga å tenna eit bål på denne varden nyttårsafta ved tusenårsskiftet, men dessverre - p.g.a. veret kunne ikkje dette gjennomførast. Skriv deg inn i boka som ligg i turkassen til speidarane. Flott utsikt over bygda og heile Haugalandet.

Terreng: Følg traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i fint terreng til du kryssar Aurdalselva på ny over ei gangbru ved Fjellgardsbakken. Herifrå slyngar vegen seg oppover i blandingsskog. Om lag 800 m lenger opp må du ta av til høgre ved skilt, sjå skilt – til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Herifrå blir det fyrst eit bratt parti på vegen, men slakare lenger oppover. Ved Sletthaug går du vidare på godt merka og rydda sti i lett terreng ned til ein flate – litt våte parti. Så går stien vidare oppover i svært bratte og krevjande parti til Durmålskar. Her står det skilt til Aksla til venste. Stien opp til Åksla er noko bratt, men fast og fin å gå på - godt merka.

Fottøy: Fjellsko.