Ægir Bryggeri - Tap Takeover på Fjøra Pub

Torsdag 27. oktober kjem Ægir Bryggeri frå Flåm til Tap Takeover på Fjøra Pub! Ølsmaking kr 350,- Historia om Ægir starta eigentleg allereie på 1980-talet – og på den andre sida av Atlanteren – då...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.okt
2022
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 838465
Type
Mat & drikke
Passer for
Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Torsdag 27. oktober kjem Ægir Bryggeri frå Flåm til Tap Takeover på Fjøra Pub! Ølsmaking kr 350,-

Historia om Ægir starta eigentleg allereie på 1980-talet – og på den andre sida av Atlanteren – då gymnasiast Evan Lewis byrja med heimebrygging. Han hadde openbart talent, det seiast at sjølv rektoren på gymnaset stadig fekk nokre flaskar av brygget til Evan smugla inn bakdøra.

Nokre år seinare møtte Evan sognejenta Aud Melås, og søt musikk oppstod. I 2004 fekk Aud og Evan tilbod om å kjøpe serveringsstaden Furukroa i Flåm, og Evan gjorde sogning av seg. Etter at dei kom til Noreg, hadde paret ein skilsetjande samtale om korleis dei skulle gjere Flåmsbrygga meir attraktiv. Spørsmålet melde seg naturleg: Kvifor ikkje eit bryggjeri?

Som sagt, så gjort. I 2007 etablerte dei to Ægir Bryggeri som fekk sitt namn etter havherskaren Ægir frå norrøn mytologi – ifølgje allfader Odin den beste ølbryggjaren i verda.

Kart