Barnas kulturlaurdag på Finnøy

Kvar laurdag vil det vera program eller aktivitetar for barn på biblioteket. Det kan vera besøk utanfrå i form av teater, musikkinnslag eller forteljarstund. Det kan også vera teikning,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.des
2020
kl 13:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 492116
Type
Lek & Lær
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Kvar laurdag vil det vera program eller aktivitetar for barn på biblioteket. Det kan vera besøk utanfrå i form av teater, musikkinnslag eller forteljarstund. Det kan også vera teikning, hobbyaktivetar eller film. For meir informasjon kan ein sjekka www.solvberget.no/finnøybibliotek eller fb Finnøy bibliotek. Kva tid startar dette? I utgangspunktet er det kl 12.00, MEN; av og til får me besøk utanfrå som må koma andre klokkeslett - så følg med på oppstartstidspunktet.

Smitteverntiltak hausten 2020 Sølvberget følgjer Helsedirektoratets retningslinjer for arrangement, som du finn på nettsidene deira. På grunn av covid-19-pandemien må Sølvberget, som ansvarleg arrangør, veta kven som er til stades på aktivitetar og arrangement.

Du må enten tinga gratisbillettar på sølvberget.no på førehand, eller registrera deg ved oppmøte. Dette gjeld både for enkeltpersonar og grupper. Sjå sølvberget.no for gjeldande praksis for dei ulike arrangementa og aktivitetane.

Personleg billettbestilling: For å sikra rask smittesporing, må alle billettar veraregistrert med namn på den enkelte deltakaren. Det er såleis berre mogleg å bestilla ein billett om gongen.