Informasjonsmøte om Grønefed Andelslandbruk

Ønskjer du å kunna dyrka meir av maten din sjølv? Vil du læra jordbruk på naturen sine premissar? Og er du i tillegg kulturinteressert? Som medlem i Grønefed Andelslandbruk på Ogna får du alt...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
13.Jan
2021
7:00pm

Praktisk info

Enjoy-kode: 288170
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Ønskjer du å kunna dyrka meir av maten din sjølv? Vil du læra jordbruk på naturen sine premissar? Og er du i tillegg kulturinteressert?

Som medlem i Grønefed Andelslandbruk på Ogna får du alt dette på ein gong. For like ved Ogna Scene bygger me no det kanskje tøffaste og mest nyskapande andelsbruket i landet.

Bruket ligg på fleire høgder i terrenget – inne i ein spennande dal. Her slepp sola til fullt ut, medan fjellveggar og skog held mykje av vinden ute.

Bruket ligg på det som var skogsmark, og skal drivast regenerativt, naturbyggjande, frå starten av. Dette betyr pløyefritt, og utan kunstgjødsel og gift. Det livsviktige mikrolivet i jorda skal byggjast opp ved hjelp av kompost oppå marka, og det er dette livet som sørgjer for at nytteplantane våre får all den næring dei treng.

Grønefed Andelslandbruk skal over tid bli ein oase for både menneske og ei lang rekke andre organismar. Matvekstar skal kombinerast med buskar, tre, stauder og blomar – vekstar som gir ideelle livsvilkår for amfibiar, nytteinsekt og fuglar. Det skal lagast opplevingsstiar gjennom området, og leggjast inn lys som også lyser det heile opp om natta.

Og når arbeids- og opplevingsøkta i åkeren er over, ventar nye kulturopplevingar på Ogna Scene.

På informasjonsmøtet vil du få vita meir om kva det inneber å vera medlem, og høve til å teikna deg. Du får også ei innføring i regenerativt landbruk, ved professor Dag Jørund Lønning – forfattaren av Jordboka, Jordboka II og Kompostboka.

Dette blir populært, så her gjeld det å vera tidleg ute med påmelding!

Kart