6392 - Fjørefest på Vikeplikt

For fjerde gong arrangerer Vikeplikt fjørefest. Og for ein fest det vert! Etter tre år med suksess, gler me oss til endå ein ny, uformell kveld med musikk, mat og drikke i fjøresteinane. Me opnar...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
22.jun
-
kl 18:00

Detaljer

For fjerde gong arrangerer Vikeplikt fjørefest. Og for ein fest det vert! Etter tre år med suksess, gler me oss til endå ein ny, uformell kveld med musikk, mat og drikke i fjøresteinane. Me opnar dørene kl 18.00 og held det gåande til litt over midnatt. (Dørene stenges kl 19.00) Me kan dessverre ikkje styre veret, men me kan styre om me har tak over hovudet. Me har telt i backup. Årets scene består av: FRODE AARSBOG - NORA LEGRAND - HELENE MISUND ESEMBLE -CHARLOTTE AUDESTAD Frode Aarsbog er eit kjent navn i Romsdal. Hans repertoar spenner frå kav Isfjordsk til Springsteen og Cash. Frode har ei stemme og formidlingsevne som gjer det enkelt å lytte. Nora Legrand er Raumas nye stjerneskudd. Med ein bakgrunn som spenner frå Frankrike, via Romsdalen og til Appalachene er Nora Legrand klar for å bergta det norske publikum. Ho er klar med albumet "Paper Sky" hausten 2024 -ein slags refleksjon av "20-åras magiske kaos", som ho sjølv seier. I forkant har ho sluppe to singlar, begge med god omtale og speletid på NRK. Helene Misund ensemble består av Helene Misund, Hans Bollandsås og Halvor Hovden. (Meir omtale kjem) Charlotte Audestad er eit kjent navn i Trøndelag. Me er stolte av å presentere denne ordkunstnaren på scena vår. Her går humor og hjerte hand i hand. Det vil bli matsalg på området. Me gler oss til meir magi I fjøresteinane! Aldersgrense 20 år. Velkommen!

Praktisk info

Enjoy-kode: 130063
Type
Konserter
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.