star
star
star
star
star

(30) Vistvik Tindaslottet Rundtur

Turen opp frå parkeringsplassen startar bratt, men på god skogsveg. Ved skilt til Tindane forlet ein skogsvegen og går over på sti. Stien er godt merkt, så her er lett å finna fram. På toppen av...
Foto: Arne Vatten

Praktisk info

Enjoy-kode: 171887
Start og sluttpunkt: Parkeringsplass Vistvik på oppsida av E39 Parkering: Ta av frå E39 ca. 5 km sør for Sandvikvåg.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
10.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen opp frå parkeringsplassen startar bratt, men på god skogsveg. Ved skilt til Tindane forlet ein skogsvegen og går over på sti. Stien er godt merkt, så her er lett å finna fram. På toppen av Tindane ligg ”Tindaslottet”, ei vakker steinhytte. Frå toppen er det utsikt over store delar av Sunnhordland. Like ved hytta ligg og ein ”utedo”, så mens ein sit her kan ein nyta utsikta.

Turen ned att kan gåast over Grønafjedlet og inn på stien frå Heio til Fitjar. Ein fylgjer denne ned til Svartavatnet. Langs Kvednavatnet til gapahuk i enden av vatnet, vidare på sti til skogsveg som går ned att til Vistvik. Ein kan og sjølvsagt gå same vegen attende frå Tindaslottet.