star
star
star
star
star

(18) Stovegolvet Rundtur 703 moh

Rundtur som startar frå Lundsseter kraftstasjon. Ein fylgjer merkt sti opp Tyseskaret til Eldhusheddo. Nyt utsikt over søndre del av Sunnhordlandsbassenget mot Halsnøy, Borgundøy og Valevåg. På...
Foto: Stord og Fitjar turlag

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 104863
Start og sluttpunkt: Kraftstasjonen på Lundsseter.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rundtur som startar frå Lundsseter kraftstasjon. Ein fylgjer merkt sti opp Tyseskaret til Eldhusheddo. Nyt utsikt over søndre del av Sunnhordlandsbassenget mot Halsnøy, Borgundøy og Valevåg. På toppen av skaret tek ein til høgre i stikrysset, bratt oppover mot Stovegolvet. No startar eit endå brattare parti der det er hengt ut tau som ein kan halda seg i. Først kjem ein til Varden 703 moh og vidare til Stovegolvet.

Namnet Stovegolvet kjem ifrå den store flata som openberrar seg på toppen, her er det like flatt og breitt som heime i stova. Her har Turlaget restaurert eit Tårn som er eit landemerke og verdt turen i seg sjølv. Følg fjellryggenpå merka sti i nordaust retning. Ta til høgre i stikryss og følg stien som skrår ned lia retning Fossabrekko til skilt merka Til Lundastøl. Følg sien sørover mot Kyviksætra til skogsveg. Ta til høgre på skogsvegen og følg den attende til parkeringsplassen ved Lundsseter