star
star
star
star
star

Vindheim - Rundenova

Rundenova kan ein nå i frå fleire stader. Deriblant frå Gaularfjellet, Mjell i Eldalsdalen, og Haukedalen. Rundenova kan og anbefalast på ski om vinteren, gjerne som ein rundtur i frå...
Foto: Håvard Vallestad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 195244
Bomveg i frå Vikum i Viksdalen. Ta med kontantar.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
4 timer
Lengde
9.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rundenova kan ein nå i frå fleire stader. Deriblant frå Gaularfjellet, Mjell i Eldalsdalen, og Haukedalen. Rundenova kan og anbefalast på ski om vinteren, gjerne som ein rundtur i frå Gaularfjellet.

Denne beskrivelsen handlar om fottur i frå Vindheim, som er ein lettgått tur i flott knausete terreng. Dette er antakeligvis lettaste måte å bestige Rundenova. Toppen er fin på kveldstid, med kveldsol til langt på kveld.

Ein følger veien til østlig ende av VIndheimsvatnet, deretter kryssar ein elva som renn til Vindheimsvatnet, over ei rørbru, over plankesti mot ei hytte, for så å finne merka sti oppover skogen, øst for denne hytta. Turen er stort sett merka med tydeleg sti med noke plastmerker, deretter små steinvardar resten av turen.

Skriv gjerne i fjelltrimboka til Viksdalen idrettslag. Eit bad i Vindheimsvatnet er på sin plass etterpå.