star
star
star
star
star

Veslgutstein

Dette er ein fin tur høgt oppe i skoggrensa med flott utsikt over Kyrkjebygde og Bø krets i Lesja. Rydda og skilta råk som er finast å gå frå Snarstad mot Avdemssetre. Etter ca. 2,5 km er et...
Foto: Solveig Græsli

Praktisk info

Enjoy-kode: 494782
Sving av E136 skilta til Slådalsvegen/Vågå. Du kan ta av ved Lesja sentrum og køyre vestsidevegen (Fv 496) austover. Eller du kan svinge av E136 ved Bø, litt over 4 km aust for Lesja sentrum. Eller du kan og kome på vestsidevegen ved å ta av E136 knappe 3 km vest for Dombås, Dovre. Sving opp Slådalsvegen. Bomveg, elektronisk betaling med kort. Følg vegen opp lia, sving av til Snarstad på høgre hand, skilta. Parker.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein fin tur høgt oppe i skoggrensa med flott utsikt over Kyrkjebygde og Bø krets i Lesja.

Rydda og skilta råk som er finast å gå frå Snarstad mot Avdemssetre. Etter ca. 2,5 km er et skilta avstikkar til Veslgutstein. Attende på råket kan du gå same veg tilbake eller fortsette vidare til du svingar ned mot Avdemssetre, ca. 4,6 km ein veg.

Ved turmålet er det sett opp ei minnetavle som fortel om den tragiske hendinga som gav Veslgutsteinen namn. Det var her at ein 4 år gamal gut fraus i hjel etter at han var sakna i 10 dagar i august 1820. Faren reiste eit minnesmerke over sonen, Ole Flågåstad, her. Dette minnesmerket vart i 2014 reist opp att i regi av Lesja historielag.