Venners vennefest

Inviter med deg éin eller fleire venner, og kom på venners vennefest! OK, kanskje du ikkje er venn eller venners venn med absolutt alle som kjem, men me reknar med at alle stiller med ei vennleg...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
25.mar
2023
kl 19:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 471058
Type
Mat & drikke
Passer for
Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Inviter med deg éin eller fleire venner, og kom på venners vennefest!

OK, kanskje du ikkje er venn eller venners venn med absolutt alle som kjem, men me reknar med at alle stiller med ei vennleg innstilling. Komitéen lovar i alle fall å legga til rette for ein triveleg kveld.

Velkomstdrinken er lokal eplemost eller eplesider; du kan sjølv velja kva du vil ha i glaset.

Rundt kl. 20:00 blir det servert tapasbuffét frå Kniv & Gaffel, med 12–15 forskjellige rettar. Baren er open heile kvelden, så du kan velja mellom drikke med eller utan alkohol.

Når borda er rydda, og maten har fått siga litt, kjem Rita Fotland Bøe og Kåre Bøe for å spela opp til song og dans.

Me gler oss til ein triveleg kveld!

Nettleseren din støtter ikke html5 video.

Kart