Vårstemning med Lisbeth Dreyer

Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker,...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
19.apr
2022
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 336231
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker, barnebøker og kortfilmar. Ho har også vore hageskribent og hagefotograf i mange år og meiner at hagar er viktige både for folkehelsa og omgjevnadene våre. Boka hennar “Små hagar” er full av flotte bilde av overraskande, fantasifulle og vakre hagar du kan nyte – og som kan inspirere deg til å gjere det grønt og vakkert der du bur! Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt, råd om kompost, korleis lage jord og så frø sjølv. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass. Du treng ikkje store plassen for å dyrke urter, bær og grønsaker. Møt Lisbeth Dreyer på biblioteket.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.