star
star
star
star
star

Vardafjellet (661 m.o.h.) via Sletthaug (485 m.o.h.) frå Aurdal

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved...

Praktisk info

Enjoy-kode: 484058
Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om ulike turar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
5.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved Fjellgardsbakken og ein lenger oppe mot hytta. Mest oppe ved hytta – i siste bratte bakken - ser du ein stein som er blitt til 3 store steinar på høgre sida av vegen. På Sletthaug må du ta ein pause og nyta utsikta over bygda. Hytta er open for alle og her kan du skriva deg inn i hytteboka. Stien vidare er godt merka – du får nokre våte parti på flaten før du byrjar på vegen oppover i bratt terreng gjennom bjørkeskog til Durmålskar. Her tek du av til høgre til Vardafjellet. Følg skilting. Du bør ha gode sko – helst fjellsko – nokre våte parti. På Vardafjellet finn du ein varde som vart laga av speidarane for mange år sidan. Varden er restaurert i det siste. Flott utsikt over Vats og store deler av Haugalandet. Skriv deg inn i boka som ligg i turkassen til speidarane. For dei som ønskjer det så er det merka sti vidare sørover med muligheit for å gå ned til Blikra og avslutte turen der.

Terreng: Følg traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i fint terreng til du kryssar Aurdalselva på ny over ei gangbru ved Fjellgardsbakken. Herifrå slyngar vegen seg oppover i blandingsskog. Om lag 800 m lenger opp må du ta av til høgre ved skilt, sjå skilt – til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Herifrå blir det fyrst eit bratt parti på vegen, men slakare lenger oppover. Ved Sletthaug går du vidare på godt merka og rydda sti i lett terreng ned til ein flate – litt våte parti. Så går stien vidare oppover i svært bratte og krevjande parti til Durmålskar. Her står det skilt til Vardafjellet mot høgre. Stien opp til Vardafjellet er god å gå på – følg merkepinnar.

Fottøy: Fjellsko.