Utvær med M/S Atløy - ein eller to dagars tur 15. - 16. juli

Ein historisk tur, der to gamle fjordbåtar møtest i Skjerjehamn og samseglar til Utvær. Så mykje folk har det sikkert ikkje vore på Utvær sidan 1066 då Harald Hardråde segla ut frå Solund då han...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
15.jul
2022
kl 12:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 552476
Type
Attraksjoner
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Ein historisk tur, der to gamle fjordbåtar møtest i Skjerjehamn og samseglar til Utvær. Så mykje folk har det sikkert ikkje vore på Utvær sidan 1066 då Harald Hardråde segla ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser enno spor etter sverdsliping i berget. Det er mykje spennande å sjå på Utvær, men det mest fasinerande er nok naturen og havet.

Utvær

Fredag 15.juli

«Atløy» frå Florø 12:00, frå Askvoll 14:00, frå Krakhella 15:45. 17:00 til Skjerjehamn og innsegling saman med M/S Granvin som kjem frå Bergen. Overnatting*i Skjerjehamn (ikkje inkludert).

Laurdag 16. juli

Norled** frå Florø 08:35 / Askvoll 09:15 / Krakhella 09:50

«Atløy» frå Skjerjehamn 10:00/Mjømna 10:20 og samseglar med M/S Granvin til Utvær 12:15 .

Retur mot Florø i same rute kl 14:30 - til Florø mellom 20:00 og 21:00

På Utvær tar «Vener av Utvær» oss imot. Det vert mykje folk denne dagen, og kan bli kø om du vil på fyret. Mat og drikke kan kjøpast også om bord.

Merk:

*Bestilling av overnatting i Skjerjehamn må den enkelte ordne sjølv

**Kjøp av billett med Norled til Skjerjehamn må den enkelte ordne

Skjerjehamn

M/S Granvin

Kart