star
star
star
star
star

Tveitakvitingen via Holmane

Dersom du ønskjer å gå deg ein skitur til Tveitakvitingen utan å vandre i kø frå Kvamskogen er dette ruta for deg. Turen krev at ein går til fots opp over tregrensa. Dette tar 1/2 - 1 time avhengig...

Praktisk info

Enjoy-kode: 174345
Parkering på liten parkeringsplass like ved startpunktet.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Varighet
7 timer
Lengde
20.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dersom du ønskjer å gå deg ein skitur til Tveitakvitingen utan å vandre i kø frå Kvamskogen er dette ruta for deg. Turen krev at ein går til fots opp over tregrensa. Dette tar 1/2 - 1 time avhengig av form. Når du fyrst er kome deg over tregrensa er dette ein nydeleg skitur, og snøen kan ligge her til langt ut i mai. Stort sett slak stigning med enkelte bratte bakkar, og ei fin nedkøyring i siste dalen før Tveitakvitingen (Vetlaskaret). Nedturen kan sjølvsagt takast same veg. Men har du ordna deg med biltransport på Kvamskogen er det og eit alternativ å ta den vanlege vegen ned att der. Berekn 6-9 timar på turen, avhengig av form. Turen tar noko lenger tid med retur tilbake til Holmane då du må ned att i Vetlaskaret og til fots ned skogen til Holmane.