star
star
star
star
star

Tur til Raudlio

Turen startar i Hatlelio. Her har Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) sett opp ei informasjonstavle du kan kikke på, før du startar å gå.Følg vegen opp til venstre frå parkeringsplassen. Etter om...
Foto: Roar Haugsgjerd

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 295923
Køyr frå Os mot Søfteland. Like etter Joker-butikken på venstre side tar du av mot Gåssand. Følg vegen innover i 5-6 minutt til du kjem til parkeringsplass på venstre side.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
3.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar i Hatlelio. Her har Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) sett opp ei informasjonstavle du kan kikke på, før du startar å gå.Følg vegen opp til venstre frå parkeringsplassen. Etter om lag 200 meter tek du til venstre og inn på ein skogsbilveg. Raudlio og Stokkedalen er eit stort friluftsområde med villmarkspreg. Store deler av Osvassdraget renn gjennom friluftsområdet. Turen inn til Raudlistova og Raudlibøen er 3,9 km. Raudlistova kan du leige til dagsbesøk. Ring Kommunetorget i Os kommune på 56 57 50 00. Ein fin rundtur er langs god turstig frå Raudlistova via Bergen Jeger og fiskeforening si hytte ved Raudlitjørna, og vidare mellom Raudlivatna og tilbake langs turvegen til parkeringsplassen i Hatlelio.

Det er òg fint å padle kano i Raudlivatnet. Du finn fine leirplassar i nordenden av Ytre Raudlivatnet. Her er det òg gapahuk.