Trio Alde - Himlaleite

Torsdag 6. mai (merk ny dato!) klokka 19 inviterar Kabuso til konsert med tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre. Trio Alde er: Gabriel Fliflet - trekkspel, piano, song Berit Opheim -...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
06.mai
2021
kl 19:00

Detaljer

Torsdag 6. mai (merk ny dato!) klokka 19 inviterar Kabuso til konsert med tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre.

Trio Alde er: Gabriel Fliflet - trekkspel, piano, song Berit Opheim - song Jorun Marie Kvernberg - feler, song m.m.

No dreg trioen på sleppeturné med si første plate: Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet. Her gjev dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!

I tillegg til songane av Fløgstad og Fliflet, ausar Trio Alde òg av si store musikalske skattkiste, med både tradisjonsrike og nye tonar. Ordet alde har forresten to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage - og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.

Om musikarane: Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er folkesongar og tradisjonsberar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne eit berg med prisar og samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.

Jorun Marie Kvernbergkjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele. Spelar harpeleik (zither) og syng gjer ho òg! Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, og har vunne mange prisar. Busett i Volda.

Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie sidan 2012.

Om forfattaren Fløgstad og komponisten Fliflet: Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.

Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflethar laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!

Fliflet har komponert verk til m.a. Festspillene i Bergen og Vossajazz, og tidlegare tonesett forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Robert Burns.

Sjå video på Facebook: Trio Alde øver på songen Fjetra

Foto og video: Thor Haukenes


Spørsmål om tidlegare kjøpte billettar? Kontakt oss på post@kabuso.no

Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

Praktisk info

Enjoy-kode: 579339
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.