star
star
star
star
star

Torsnes - Vassvikane

Skildring av tur Du går i god skogsti oppover langs Torsneselva til du kjem til brua på hovudvegen Jondal – Nordrepollen. Det er ei trapp under brua. Vidare oppover på grusveg ca 300 m til ein...

Praktisk info

Enjoy-kode: 190010
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 1 km vidare. Rett før brua på Torsnes er det infotavle og skilt Vassvikane på austsida av vegen. Har du bil, må du IKKJE parkere her, men ca 200 m lenger sør (ved krysset der det er skilta Stølheim). Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Du går i god skogsti oppover langs Torsneselva til du kjem til brua på hovudvegen Jondal – Nordrepollen. Det er ei trapp under brua. Vidare oppover på grusveg ca 300 m til ein kryssande veg. (Går du til høgre kjem du over Libru og opp i skogsbilveg som går til Vetlavatnet). Ta til venstre ca 100 m. Det er skilta og merkt vidare i skogsterreng og gamalt kulturlandskap med utslåttar, utløer og vårflorar langs Torsneselva opp til Torsnesvatnet og Vassvikane. Du kan gå vidare til Fjelltveit eller til bilveg ved Vetlavatnet.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.