star
star
star
star
star

Topptur til Lisjeskorkja frå Langsætrane

Turen begynner på Langsætrane. Køyr bilen til sæterstølen Pusken og parkér til dømes ved brua ved Dyrdalsbrua. Gå langs grusvegen i retning Storlihornet, forbi det gamle fellesfjøset. I enden av...

Praktisk info

Enjoy-kode: 240295
Frå sentrum i Stordal køyrer du framover til enden av dalen og tek til venstre der det er skilta mot Overøye. Køyr fram til skitrekket og vidare fram på Langsætrane. Det går ingen bussar hit, så ein må ha eigen bil.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
5 timer
Lengde
12.7 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen begynner på Langsætrane. Køyr bilen til sæterstølen Pusken og parkér til dømes ved brua ved Dyrdalsbrua. Gå langs grusvegen i retning Storlihornet, forbi det gamle fellesfjøset. I enden av grusvegen er der ei bru over Jolbotselva. Gå til venstre når du kjem over den, og følg råsa som går opp langs heile Kleivabotnen. Den kan vere tidvis vanskeleg å sjå pga. myrete terreng, så hald eit blikk litt langt fram for å sjå etter merkingar. Når ein er oppe i skaret der elva renn ut frå Kleivavatnet så kan det passe fint med ein liten rast i hytteveggen på den vesle hytta som er der. Opp hit skal det ta mellom éin og ein og ein halv time.

Fortsett turen langs Kleivavatnet. I det første partiet må ein passere "Fantehammaren". Segnene skal ha det til at røvarar låg på toppen av denne hammeren og heiv steinar ned på hestefølger som passerte før i gamle dager. I dag skal det vere fritt for røvarar, og viss ein held seg heilt nede ved vannkanten så klarer ein å passere. Følg råsa vidare bort til varden som står på sjølve Kleiva. Der har ein flott utsikt ned i Tresfjorden. Til venstre der i frå begynner den bratte stigninga oppover mot Lisjskorja. Stien er svært bratt, men merka, og så lenge ein følger merkingane så går oppstigninga greit. Frå Kleiva og opp tek det ca ein time.

Synet som møter ein på kanten er svært majestetisk. For det første så er egga bort til den siste varden ganske luftig, men med mindre ein har høgdeskrekk så er det ikkje noko problem. I tillegg til det så har ein ei mektig utsikt til andre tindar rundt: Stolen, Rollsbotsskorkja, Brudefølgjet og Lauparen, for å nemne nokre. I det heile så var det å kome opp ein skikkelig positiv overraskelse som gjorde den bratte oppstigninga vel verdt strevet!

På veg ned igjen så kan ein anten gå same veg som ein kom i frå, eller så kan ein velge å gå Jolbotnen. Den er litt tørrare og flatare, og det kan vere godt for knea etter nedstigninga frå toppen til Kleivavatnet.