star
star
star
star
star

Topptur til Europas høgste sjøklippe Hornelen 860 moh.

Hornelen er særmerkt, vidgjeten og fasinerer dei fleste. 860 stupbratte meter opp frå sjøen gjer fjellet til den høgste sjøklippa i Europa. Den eine av to T-merka, løyper til toppen startar heilt...
Foto: Svenn Petter Kjerpeset

Praktisk info

Enjoy-kode: 604489
Når du kjem ut av den undersjøiske Skatestraumstunnelen, ta av til høgre mot Klubben og merka med vegskilt til Hornelen. Det er parkeringsplass ved gravplassen på Hunskår.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
13.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Hornelen er særmerkt, vidgjeten og fasinerer dei fleste. 860 stupbratte meter opp frå sjøen gjer fjellet til den høgste sjøklippa i Europa.

Den eine av to T-merka, løyper til toppen startar heilt i enden av vegen på Hunskår. Første del går i slakt stigande terreng austover omtrent 1 km, svingar så vestover med aukande stigning, og til dels bratt terreng. I dette området er det laga noko sherpasti. Ikkje gå denne til ende, men ta av og gå inn på T- merka sti ved merke. Opp til 400 høgdemeter kan det til tider vere noko vått. Mellom 400 og 500 høgdemeter vert stien noko slakare, men stig på nytt ganske bratt opp til eit vatn på ca 600 moh. Her ved vatnet er det vanleg å ta ein lengre pause og nyte noko av nista. Siste stykket før ein kjem opp på platået er det ein bratt kneik på ca 100 høgdemeter. Lett og fint terreng i vel ein kilometer før stien går bratt ned i Hornelsdalen. Her går ein i ur. Resten av turen går i svakt stigande steinterreng til den siste bratta (100 høgdemeter) før ein når toppen av Hornelen – 860 moh. Sjølv om delar av turen er ganske bratt, er det inga klatring eller farlege parti. Merkt sti er lagt i trygt terreng. Heile Hornels-platået er overstrøydd med stein i ulik storleik. På oppturen kan ein nyte utsikta langt nordover på Møre og innover Nordfjorden. Frå toppen har ein også god utsikt mot Vingen og sørover Frøysjøen. Turen til toppen vil ta 3–4 timar. Oppkommen bør ein setje av tid til å nyte utsikta, og for dei som torer, leggje seg fram på kanten og sjå 860 meter ned i fjøresteinane eller på skipstrafikken rett under Hornelen. Det gir garantert eit sug i magen.

Vi gjer alle merksam på sprekka i øverste del av platået. Her er det viktig å halde seg til den merka traséen og ikkje hoppe over. Det er farleg!