Tenniskonsert med BFUng og Mina G. Langesæter

Tenniskonsert med BFUng Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer-Olsen, Schostakovich, Mozart, Gershwin og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
04.nov
2022
kl 18:00

Detaljer

Tenniskonsert med BFUng

Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer-Olsen, Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.

Hardanger Musikkfest har gleda av å invitera til storkonsert i Hardangerhallen på Hotel Ullensvang.

Visste du at mange av dei mest kjende komponistane var lidenskapelege tennis-spelarar? Dmitri Sjostakovitsj var ein av desse, og når sjølvaste BFUng gjestar Hardanger Musikkfest i Tennishallen på Hotel Ullensvang (Hardangerhallen) spelar dei bl.a “ Dance of the Tennis Players and Training Session”.

På denne festkonserten får du også høyre fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter i Mozarts hornkonsert nr 3. Under leiing av Kjell Seim inviterar me til Hotel Ullensvang si storstove med feststemt energi frå landets fremste ungdomsorkester!

BFUng er blant Noregs fremste ungdomssymfoniorkester med medlem i alderen 15 - 25 år frå heile landet. 90 ungdommar vil fylla Hardangerhallen med tema Tennis.

Hornisten Mina Gursli Langesæter frå Lofthus er kjent for sin store fine klang. I 2021 vart ho Hardanger Musikkfest sitt «Stjerneskot». I samspel med BFUng framfører ho Hornkonsert nr. 3 av Mozart.

MEDVERKANDE Kjell Seim, dirigent Mina Gursli Langesæter, horn Hanna Kallestad, fiolin Florian Donderer, fiolin Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester

PROGRAM Aron Copland: Fanfare for the Common Man Geirr Tveitt: Velkomne med æra Dmitri Sjostakovitsj: Frå balletten THE GOLDEN AGE: Dance of the Tennis Players and Training Session Polka Wolfgang Amadeus Mozart: Hornkonsert nr. 3 solist: Mina Gursli Langesæter Sigurd Fischer Olsen: Fjellokk for Usynlige Fjell (Urframføring) Philip Glass: Echorus for to solofioliner og strykeorkester solister: Hanna Kallestad og Florian Donderer, fiolin George Gershwin: An American in Paris

Årets festivaltema er EKKO. Sjåwww.hardangermusikkfest.no for heile festivalprogrammet 2. - 6. november 2022.

.

Mina Gursli LangesæterBFUng

Praktisk info

Enjoy-kode: 779756
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker