Symre - Konsert og plateslepp for "Elles ganske frisk"

Symre Taugbøl Bang er ein 22 år gamal låtskrivar og gitarist frå Morgedal i Vest-Telemark, som fleire enn tre gonger har fått skildringa finurleg. Albumet «Elles ganske frisk» tek for seg det...
13.okt
-
kl 17:00

Detaljer

Symre Taugbøl Bang er ein 22 år gamal låtskrivar og gitarist frå Morgedal i Vest-Telemark, som fleire enn tre gonger har fått skildringa finurleg. Albumet «Elles ganske frisk» tek for seg det kaotiske møtet med vaksenlivet, og svingar mellom naiv narsissisme, nervøs nattesvevn, tunge våpen og lett ullundertøy. Musikken er ein uredd miks av sjangrar, og med hjelp frå dyktige medmusikantar vil konserten romme både dansbart, jazzsmart, litt rart og vise, – så klart.

Symre er ein god låtskrivar med tekstar på nynorsk og vakker telemarksdialekt. Tidlegare i år mottok ho Målprisen til Telemark Mållag.

Symre spelar sjølv gitar og syng. Med seg har har ho Torjus Gravir Klykken (bass), Jon Espelid (trommer) og Øystein Folkedal (orgel).

Praktisk info

Enjoy-kode: 393594
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.