star
star
star
star
star

Sykkeltur over Tarlebøvatnet, Rundemannen og Fløyen

Fin sykkeltur ute i fjellheimen sjølv om ein er i ein middels stor by. Delvis gruslagde vegar og elles gode stiar der alle kan sykle. Kan starte syklinga på strekninga frå Skansemyra og ned til...
Foto: Leif Kapstad

Praktisk info

Enjoy-kode: 204513
Ein kan starte i området frå Skansemyra til Svartediket. På Skansemyra finn ein parkering langs vegen som går langs idrettsbana.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
2 timer
Lengde
12.9 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Fin sykkeltur ute i fjellheimen sjølv om ein er i ein middels stor by. Delvis gruslagde vegar og elles gode stiar der alle kan sykle. Kan starte syklinga på strekninga frå Skansemyra og ned til Svartediket. Ein syklar opp Svartediksvegen og følgjer vegen innover dalen langs vatnet(bomveg). Ved enden av vatnet startar motbakkane. Etter vel 100 m med stigning kjem ein til eit kryss der ein tek til venstre. No er det til dels bratt stigning heilt opp til Tarlebøvatnet. Etter demninga ved Tarlebøvatnet er det laga ein flott sti vidare oppover mot Rundemannen. Her er det fleire bratte parti med kortare kuperte områder inn imellom. Nokon vil nok dra sykkelen i dei brattaste kneikane. Frå Rundemannen er det fin grusveg nedover fjellsida til Brushytta og Fløyen. I staden for å sykle om Fløyen, kan ein også sykle via Skomakardiket. Ein kjem så ned til idrettsbana på Skansemyra.

Med vanleg trimtempo tek turen somlag 11/2 time.