Tråd på pinne: strikkedag på Vitengarden

Vitengarden inviterer til ein dag fylt med inspirasjon, kurs, strikking, god drøs og matservering.
Foto: Rune Helliesen
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Detaljer

Program for dagen:

Kl. 09:45 Dørene opnar

Kl. 10:00 - 10:15 Kort presentasjon av butikkane som er med

Kl. 10:15 - 12:15 Kurs eller strikking, drøs og handel

Kl. 12:15 - 13:15 Lunsj - god heimelaga suppe

Kl. 13:15 - 14:00 Foredrag med The Knitting Stories

Kl. 14:00 Kaffi med noko søtt attåt, drøs og handel

Kl. 15:00 Vel heim

Me gler oss til foredrag med The Knitting Stories, som består av strikkedesignar Mona Olsson og illustratør og grafisk designar Vibeke Høie. Dei lagar strikkeoppskrifter til små og store, både med og utan broderier. Resultatet er unike strikkeplagg med figurar som barna blir glad i, og som får fram smilet hjå dei fleste. Me får høyre meir om prosessen og korleis dei arbeidar.

Før lunsj kan du melda deg på kurs eller du kan kosa deg med strikk og drøs i kafeen og sjekke utvalet i butikkane. Me tilbyr fire forskjellige kurs, alle går samstundes, så du når bare vera med på eit av dei. Kursa du kan vera med på er Intarsia-strikk, Kurs i tosidige fletter, Brodering på strikk og Magic Loop. Sjekk Vitengarden si nettside for meir informasjon om dei ulike kursa, og kva du må ha med på kursa.

Pris Foredrag + lunsj kr. 495,-. Vil du vera med på eit av kursa, vil det koma eit tillegg på kr. 100.

Påmelding For de som har vore med tidlegare, vil de sjå at det er nytt påmeldingssystem. Her kan de melda på så mange de vil, og betale med ei gong.

Alle vil automatisk få billett, mat og foredrag inkludert. Vil de vera med på eit kurs i tillegg, vel de dette på sida etter at det har valt hovudbilletten og skrevet inn bestillaren sitt namn. Hugs at om de vil vera med på kurs, kan de kun vera med på eit av dei sidan dei går samstundes.

Vitengarden vil i veka før arrangementet sende ut ein epost med praktisk informasjon. Her vil me òg be om eventuelle allergier eller andre hensyn me skal ta.

Desse butikkane er med, stiller ut og sel varer:

Charmis er nettbutikk og butikk, på Torgplassen 8 på Nærbø, som er eid og drevet av Eva. Charmis har garn som er laga av naturlege, dyre- og klimavennlege materialar. Charmis har fleire eigne garnmerker, og utvalde typar fra bl.a. Solberg Spinderi, Unikt Garn og andre lokale produsentar. Og sist, men ikkje minst strikkepinnar og annet utstyr frå ChiaoGoo.

Norspinn produserer garn frå norske alpakkaer.Alt av fiber-prep, vasking, spinning og farging skjer på spinneriet på Tonstad. Dei stiller med et stort utval av ufarga og håndfarga alpakkagarn i tillegg til garn av pels-sau frå en lokal gard i Agder.

Du vil også finne nokre ferdigstrikka plagg til inspirasjon.

The Knitting Stories har ein stand der dei sel sine mønster.

Vitengarden sin eigen butikk har godt utval av kjekke gåver til store og små, og du får 10 % rabatt på alt i butikken denne dagen.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 242617
På Vitengarden er dei ein stor, gratis parkeringsplass, handicap-parkering og elbillader. Vitengarden ligg cirka 20 minutt å gå frå Nærbø togstasjon.
Type
Læring
Passer for
Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..