star
star
star
star
star

Storatjørn

Nærmiljøtur til Storetjørn. Turen går langs både Vetletjørn og Storetjørn. Begge vatna er fulle av fin aure. NB: Hugs fiskekort! Her finn du eit målerisk skogslandskap som speglar Ottanosa og...
Foto: Erik Vangsnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 851950
Parker ved fv 48 ved Holdhus ved den store utkøyringa i retning Eikelandsosen. Gå eit stykke nedover fylkesvegen til avkøyring til skytebane og tursti til Rennesvik. Følg vegen opp til du tar av på skogsveg mot høgre.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
1 time
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Nærmiljøtur til Storetjørn. Turen går langs både Vetletjørn og Storetjørn. Begge vatna er fulle av fin aure. NB: Hugs fiskekort! Her finn du eit målerisk skogslandskap som speglar Ottanosa og Gjønakvitingen i nord og Våganipen i sør. Tek du ein liten avstikkar frå stien mot aust, ved sørenden av Storetjørn, finn du eit flott eksemplar av treet svartor som er naturfreda.

Frå Storetjørn gjekk det tidlegare ein mykje nytta sti ned til tunet på Rennesvik som i dag er fråflytta og borte. Rennesvik høyrer til Hålandsdalen og dette var skuleveg i tidlegare tider. Ovom grunnmurane i Rennesvik får du eit panoramautsyn over Henangervatnet.

Følg skogsveg på vestsida av Vetletjørn. Frå Eidet mellom vatna går det sti vidare på vestsida av Storetjørn. Terrenget er lett å gå i, men bruk gjerne gummistøvlar eller gode fjellsko då det er noko myrlendt på deler av stien.

Det er turbokkasser, både i enden av Storetjørn og ved den freda svartora.