Steinjillt

Steinjillt er over for sesongen 2022. Me har hatt mange fornøgde kundar og gler oss til sesongen 2023. Om de ønkjer teambuilding eller liknande, kan me opna opp for skeddersydde aktivitetar på førespurnad. Hadland er ein kulturhistorisk gard med økologisk sauedrift. På garden vil me forsøka å gje deg innblikk i alt slitet som det var å driva gard utan dei moderne hjelpemidla me kjenner i dag. Uttrykket «Sterk som ein bonde» skal du få testa ut.
Foto: Torvald Hadland

Detaljer

Steinjillt er over for sesongen 2022. Me har hatt mange fornøgde kundar og gler oss til sesongen 2023. Om de ønkjer teambuilding eller liknande, kan me opna opp for skeddersydde aktivitetar på førespurnad.

Du kan få gå ei spennande rundløype på 3 kilometer i variert kulturlandskap med 7 postar undervegs.

Før start kan du testa ut klatring i telefonstolpe, ninjavegg og på bruskassar.

Du kan testa styrke i farmers walk, og du kan prøva å vera hest og dra ein høyvendar, samt prøva øksekast. Turen startar i frukthagen og går vidare ned til eit lite skogholt. Her kan du ta ein stopp, klatra og testa balansen. Vidare går turen gjennom variert lauvskog og du kjem ned til Håelva.

Du kan også leiga kano, eller kjøpa fiskekort. Vidare går turen nedover langs elva til eit historisk ålefangstanlegg. Deretter går turen i slak oppoverbakke til du kjem til eit gammalt gjetarskjul. Til slutt går turen opp til det høgaste punktet på garden 163 m.o.h. Her kan du nyta panoramautsikt ut over Jæren før du til slutt endar opp med finalen. Her blir det steinjillt! Du skal få ein stein opp av ei hole, løfta den opp på ein steinslede for til slutt å frakta den i mål. Når du er i mål, kan du til slutt låsa opp kodelåsen til skattekista, dersom du har svara rett på spørsmåla undervegs. I skattekista ventar ein unik premie til alle deltakarane i gruppa.

Dersom du fortsatt har meir krefter igjen kan du prøva å løfta tunge jærsteinar, studahaldaren, frakta 1/3 tonn stein på rulletømmer, åkwalk, sleggekraft og mining i stein med feisel og meisel. Du skal også få ein demonstrasjon og bruk av steinbukk; det viktigaste hjelpemiddelet til nydyrking før Brøyten kom. Dersom du framleis ikkje er utsliten kan du til slutt lø din eigen steingard eller prøva greibkast og konstruera ei DaVinci bru.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 431181
Stengt veke 28 og 29. Løypa går stadvis i vått terreng, tenk høveleg fottøy Utlån av vernesko, vernebriller og hanskar til Steinjille aktivitetar
Type
Lek & Lær
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..

Kart