star
star
star
star
star

Stavøya - Skaranipa - Humrevika Jettegrytene Rundtur

Du kan starte turen frå det gamle skulehuset som no er Grendahus eller frå ein skogsveg litt lenger ute på øya (Langøykrysset). Frå Grendahuset: Ca. 3 km frå brua er det ein avkjørsel opp til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 686095
Rutebåt frå / til Florø går fleire gonger per dag – sjekk rutetidene Fv 542 og ta av til Stavøya på Fv 547 på bru over Stongasundet
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
8.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du kan starte turen frå det gamle skulehuset som no er Grendahus eller frå ein skogsveg litt lenger ute på øya (Langøykrysset).

Frå Grendahuset: Ca. 3 km frå brua er det ein avkjørsel opp til høgre skilta til tursti. Parker ved Grendahuset. Her heng det kart som viser turløypa til Skaranipa. Gå gjennom grinda og følg stien som er merka med raudt på pinnar, tre og på steinar. Du kjem til eit stikryss der det er skilta austover til Stølen og Teigaholten. Stien til Skaranipa går vestover. I starten er det ein del blaute parti og det er to myrar du må krysse over, Vardemyra og Skaramyra. Du kjem så til eit nytt stikryss der stien frå skogsvegen ved Langøykrysset, lenger vest på øya, kjem opp. Stien går vidare opp gjennom skogen og inn i eit granfelt med mykje gamal skog og rotvelter. Her går du forbi Seterskar - gamle stølstufter. Her er det tørt og fint å gå opp til Skaret. Her er dei ei eldre hytte som du går rundt og fortset på den merka stien austover opp til Skaranipa.

Ta gjerne turen til Humrevika nord på øya og sjå på Jettegrytene før du går til Skaranipa. Då går du vestover frå hytta og føl den raudmerka stien omlag 1,4 km. Det er satt opp skilt som viser veg til Jettegrytene som ligg inni skogen og høgt i terrenget i forhold til sjøen. Retur same veg tilbake til den gamle hytta som du går rundt og fortset på den merka stien austover opp til Skaranipa.

Når du går opp mot toppen, er det fin utsikt utover mot Florø og øygarden rundt. Vel oppe kan du sette deg på benken og nyte utsikta over øya og til øyane: Svanøy, Tviberg, Alden og Askrova. Tilbake til grendahuset følgjer du stien vidare austover. Her er det utsikt til Ålvora, Timberøya, Håsteinen og Skålefjellet. På veg nedatt kjem du til eit stikryss der du kan ta ein liten avstikkar til Stølen, der det ligg ein gamal gard.

Det er mange godt merka stiar på øya. Desse er innteikna på kart som du finn langs stiane.

Turen er gått spor på kart 25.04.2020. Turen til Jettegrytene i Humrevika er også med på sporet.