Snakk! om digitaliseringa av skulen

Digitalisering er blitt ein essensiell ingrediens i skulen på vegen mot å forma framtidas samfunnsborgarar. Men debatten om digitaliseringa blir ofte delt inn i motstridande leirar med...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

26.jan
2021
kl 20:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 620285
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Digitalisering er blitt ein essensiell ingrediens i skulen på vegen mot å forma framtidas samfunnsborgarar. Men debatten om digitaliseringa blir ofte delt inn i motstridande leirar med teknologioptimistar på den eine sida og bakstreverske pessimistar på den andre sida. Så korleis få til ein konstruktiv samtale om digitalisering i skulen?

I kveldens Snakk! vil me studera fordelar og utfordringar med dei digitale flatene og gjennom ulike perspektiv sjå på moglegheitene som ligg i dei nye læreplanane. Til å utforska dette har me fått med oss ein spanande kvartett beståande av Gaute Brochmann, Per Henning Uppstad, Henrik Ueland og Eirik Jåtten.

Gaute Brochmann er utdanna arkitekt og skriv i Morgenbladet. Hausten 2020 kom han ut med boka De digitale prøvekaninene, ei bok som byr på eit samfunnskritisk perspektiv på digitaliseringa av skulen. Før samtalen vil Brochmann ha ei kort innleiing med utgangspunkt i boka han har skrive.

Per Henning Uppstad er professor i spesialpedagogikk på Lesesenteret og professor II på Høgskulen i Volda. Uppstad har eit ekstra blikk for elevane som treng tilpassa tilnærming til opplæringa.

Henrik Ueland stiller med lærarperspektivet. Han er lektor i Stavangerskulen kor han underviser i samfunnsfag og norsk.

Eirik Jåtten er nytilsett rektor på Vardeheia ungdomsskule som opnar hausten 2021. Jåtten kjem frå Stavangerskulen og som rektor der var han tidleg med å signalisera potensialet i digitaliseringa av skulen, blant anna var han ein av dei første rektorane som tilsette spelpedagogar.

Samtalen vil bli leia av Snakk!

Kart