Siri Helle: Med berre nevane - forfattarmøte

Siri Helle er på turne med folkeakademia i Sogn og Fjordane, og Svanøy Folkeakademi og Florø Folkebibliotek ynskjer med dette å invitere til forfattarmøte onsdag 10.november kl.19.00 på...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
10.nov
2021
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 541004
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Siri Helle er på turne med folkeakademia i Sogn og Fjordane, og Svanøy Folkeakademi og Florø Folkebibliotek ynskjer med dette å invitere til forfattarmøte onsdag 10.november kl.19.00 på biblioteket.

Siri Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn Jord- og Hagebruksskule. Ho arbeider tidvis som skribent og journalist, snikkarassistent og geitebudeie.

Forfattar Siri Helle tek i boka «Med berre nevane» opp viktige spørsmål rundt læring og kunnskap, som grunnlag for samfunnsbygging og økonomi. Skuleflink som ho var, valde ho ein teoretisk veg – ho utdanna seg til journalist, forfattar og føredragshaldar. Men i slutten av tjueåra merka ho at ho hadde gløymt kroppen, gløymt hendene.

Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?

På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede. Eit spanande og inspirerande møte som får deg til å brette opp ermene og lære deg noko vettig.

Arrangementet er ope for alle, og billetten kostar kr 100,- Kjøp billett gjerne på førehand i TicketCo, men ein kan også VIPPSE ved ankomst. Tid: onsdag 10.november kl.19.00 Stad: Florø Folkebibliotek Arrangør: Svanøy Folkeakademi og Florø Folkebibliotek.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.