Semifinale Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2021

Vi er stolte av å presentere tolv songarar frå åtte nasjonar. Følg live-straumen direkte frå Lindemansalen – eller på konkurransen sin YouTube-kanal. For å imøtekome reiserestriksjonane i Noreg og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.okt
2021
kl 14:30

Detaljer

Vi er stolte av å presentere tolv songarar frå åtte nasjonar. Følg live-straumen direkte frå Lindemansalen – eller på konkurransen sin YouTube-kanal. For å imøtekome reiserestriksjonane i Noreg og andre delar av verda, avheld vi årets semifinale digitalt. Tolv strålande songarar frå åtte nasjonar framfører operaariar og liedar saman med eigen pianist. Songarane oppheld seg i lokalar dei sjølv har valt, spreidde rundt i verda innan seks tidssonar.

I ei meir normal verd skulle semifinalen ha vore avhalden i Lindemansalen ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Sidan det ikkje lar seg gjere, kompenserer vi med å invitere publikum til Lindemansalen, der vi viser direktesendinga av semifinalen på storskjerm. Under pausane og etter songarane sine framføringar inviterer vi ulike representantar frå bransjen til å delta i panelsamtalar om musikk og opera.

Vi ønsker alle hjarteleg velkommen til å følge den direktesende, digitale semifinalen i årets konkurranse, frå Lindemansalen eller der du er. Songaranes framføringar skjer mellom kl. 15.00 og 20.00. Direktesendinga av framføringane og paneldiskusjonane blir strøymde direkte til konkurransen sin YouTube-kanal.

Ein internasjonal jury vel seks songarar som går vidare til finalekonserten i Bergen 20. november.

Annonsering av finalistane skjer ca. kl. 21.00.

Program: 14.30: Velkommen til DSIM semifinale 2021

  • Einar Solbu (styreleiar)
  • Lars Flaeten (direktør)
  • Ane Wadd-Oseth (prosjektleiar)

Partnarar:

  • Anna Elisabet Einarsson (dekan, Operahøgskolen, KHiO)
  • Astrid Kvalbein (rektor, NMH)

Videopresentasjonar:

  • Jurymedlemar
  • Semifinalistar 1–4

15.00–16.20: Deltakarar 1–4 (livestraum)

  • Dashuai Chen
  • Badral Chuluunbaatar
  • Valentina Pluzhnikova
  • Maria Motolygina

16.20–17.00: Møt panelet Panelet vel semifinalistar til opera- og konsertoppdrag i Noreg:

  • Espen Langvik (operasjef, Arktisk filharmoni)
  • Kari Standal Pavelich (operadirektør, Opera Nordfjord)
  • Britt Westavik (produksjonsleiar, Operaen i Kristiansund)
  • Eivind Gullberg Jensen (kunstnarleg leiar, Bergen nasjonalopera)
  • Elizabeth Norberg-Schulz (operadirektør, Opera Rogaland)
  • Fredrik Akselberg (produksjonsleiar, Opera Østfold)

Kva er viktig for dagens unge songarar? Mary Miller (QSIMC styremedlem) i samtale med Lars Flaeten.

Videopresentasjonar:

  • Semifinalistar 5–8

17.00–18:05: Deltakarar 5–8 (livestraum)

  • Mercy Malieloa
  • Jorge Espino
  • Brent Smith
  • Inna Demenkova

18.05–18.30: Pause Videopresentasjonar:

  • Semifinalistar 9–12

18.30–19.50: Deltakarar 9–12 (livestraum)

  • Lydia Hoen Tjore
  • Aryeh Nussbaum Cohen
  • Liv Redpath
  • Erika Baikoff

19.50: Pause 21:00: Annonsering av resultat (livestraum)

  • Birgitta Svendén (juryleiar)

FOTO Magnus Lindvik, Adrian Nielsen, Marius Nyheim Kristoffersen

Praktisk info

Enjoy-kode: 997853
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.