star
star
star
star
star

S1 Sognefjordvegen, rundtur Sogndal - Øyragrendi skule - Skarsbø - Stedjeåsen - Sogndal

Start ved Coop x-tra i vestenden av Sogndal sentrum. Gå på gangveg og nedlagd riksveg vestover, mot Leikanger. Når du kjem inn på riksvegen att, går du ca 200 meter langsvegen. På vestsida av...

Praktisk info

Enjoy-kode: 903497
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start ved Coop x-tra i vestenden av Sogndal sentrum. Gå på gangveg og nedlagd riksveg vestover, mot Leikanger. Når du kjem inn på riksvegen att, går du ca 200 meter langsvegen. På vestsida av busslomme er det ein liten traktorveg som skrår oppover og vestover. Her er det skilt mot Øyragrendi skule. Følg raudmerka sti.

Frå Øyragrendi skule er det ikkje så tydeleg sti. Arbeid deg oppover i terrenget (lurt å halde litt til venstre for hindringar) til du kjem inn på traktorveg. Trokle deg oppover til du kjem inn på bilveg mot Skarsbø. Følg bilveg til Skarsbø, lengst aust på denne vegen er det ein skarp U-sving og busslomme. Her står det skilt til Stedjeåsen og Skardet. Følg raudmerka sti. Nb! Hald mot høgre over den fyrste bøen, stien går i skogen og ikkje rett opp steinurda til skardet. Følg raudmerka sti opp til Stedjeåsen. Følg raudmerka sti frå Stedjeåsen og nedatt til Sogndal sentrum.