star
star
star
star
star

Rundtur i Seimsdal/Ofredalsfjella

Flott dagstur i strålande natur. Start på Seimsåsen ved Skihytta (Aosahytta) Her er det god parkering. Følg Skogsveg frå Aosahytta og ta av til venstre når den deler seg. Følg skogsvegen vidare til du...

Praktisk info

Enjoy-kode: 776425
Bil til skihytta på Seimsåsen. Gratis parkering og ingen bom
Type
Turer
Passer for
Voksen, Senior
Varighet
5 timer
Lengde
16.6 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Flott dagstur i strålande natur. Start på Seimsåsen ved Skihytta (Aosahytta) Her er det god parkering. Følg Skogsveg frå Aosahytta og ta av til venstre når den deler seg. Følg skogsvegen vidare til du ser ein varde i vegkanten. Her tek du inn i skogen og føljer stien oppover mot Bjødnaholten. Når du kjem i skoggrensa er stien stykkevis vekke. Rett over skoggrensa kjem ein til eit lite vatn. Hold sørsida av vatnet og stien skal då vera synleg vidare oppover. Stien er merka med vardar opp til Bjødnaholten, men kan vera litt vanskeleg å sjå til tider. Frå Bjødnaholten og vidare til Skrednosi og Vedabakknosi er det lite sti og finna. Greit og følja høgdene her. Ha med GPS eller kart og kompass om du er usikker på kven dei ulike høgdene du skal følje. Fra Vedabakknosi føljer ein skråningen ned til "storevarden". Derfrå og nedover mot Tverrelvi er det delvis med vardar og sti. Ein føljer sti langs Tverrelvi til ein møter elvi frå stølen Slettedalen. Derfrå tek ein nedover på stien som går nedover dalen og til Nystølen. Herfrå er det god sti nedatt til vegen ved Bordhaug. Følg vegen oppatt til Aosahytta.