Red Roosters Blues Band / Tredet

Laurdag 4. desember inntek dei Tredet i Volda med sin swingande og dansbare blues. Då denne gjengen vart samla ein sein sommarkveld i 2006 var planen eigentlig å starte ein litt eksklusiv vin- og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
04.des
2021
kl 19:00

Detaljer

Laurdag 4. desember inntek dei Tredet i Volda med sin swingande og dansbare blues. Då denne gjengen vart samla ein sein sommarkveld i 2006 var planen eigentlig å starte ein litt eksklusiv vin- og sigarklubb, men allereie under første samling fann dei ut at det gav meir meining å spele blues i lag. Sidan denne første samling har dei møttest ein gong i veka for å prate og synge og spele - for praten er viktig - det har mange publikumar fått oppleve; Her er det kanskje like viktig med praten mellom låtane! Gjennom dei 15 åra bandet har eksistert har det blitt nokre speleoppdrag rundt om; Mest på Nordvestlandet, men dei har også vore so vide som til Hamburg. Bandet vart starta av Per Arne Brandal; gitar, Vebjørn Vestre; Trommer, Svein Hunnes; Bass/vokal og Stein Hjelle; Orgel/Vokal. Sidan har Jostein Runde kome til på gitar og vokal. Laurdag 4. desember inntek dei Tredet i Volda med sin swingande og dansbare blues.

Praktisk info

Enjoy-kode: 886110
Type
Konserter
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.