Programmeringsdag på Vitengarden 28. januar

I samarbeid med Equinor Morgendagens Helter, inviterer Vitengarden til programmeringsdag med GRATIS inngang.
Foto: Rune Helliesen

Detaljer

Er du interessert i programmering, eller kunne tenkt deg å læra litt meir om kva det er? Då er denne aktivitetsdagen for deg og din familie.

Kva kan du få vera med på denne dagen?

Lydlab – set saman lyd til filmusikk i soundtrap.

Sisyphus sandskriver – programmer geometriske figurer og la sisyphusen teikna dei i sand.

Micro:bit-orkester – her skal du programmere ein micro:bit til å kontrollere eit av instrumenta i micro:bit-orkesteret.

Bit:bot – her kan de kjøre bit:boten i ei løype med ferdigprogrammert micro:bit, eller laga koden sjølv.

Bee:bot – programmering for barn frå 4 år og oppover, der de skal få ei bie til å bevega seg i eit gitt mønster og få ei forståing for kva programmering er.

Trafikklys – du får lage ein kode i micro:bit for å få dei ulike fargane i trafikklyset til å lyse i rett rekkefølge.

I tillegg til alt dette er utstillingane opne, dyra på garden er klar for eit besøk og kafeen sel mat, drikke, kaker og is.

Velkommen til ein gild programmeringsdag med gratis inngang og masse aktivitet på Vitengarden!

Praktisk info

Enjoy-kode: 939912
Gratis parkering ved Vitengarden 20 minutts gange frå Nærbø togstasjon Eit par av aktivitetane krev påmelding, reserver plass i resepsjon ved ankomst. Her gjeld "første mann til mølla".
Type
Lek & Lær
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..