star
star
star
star
star

Øvre Standal Simavatnet

Frå parkeringsplassen går du over brua og følger stien mot aust. Du har då elva på høgre side eit lite stykke før du går over elva igjen og stien fortsett gjennom eit lite granfelt. Terrenget opnar...

Praktisk info

Enjoy-kode: 314407
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli satt opp informasjonstavle (under arbeid)
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
2 timer
Lengde
5.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du over brua og følger stien mot aust. Du har då elva på høgre side eit lite stykke før du går over elva igjen og stien fortsett gjennom eit lite granfelt. Terrenget opnar seg og du fortsett opp og oppover grassbakken. Stien vender mot høgre og deretter mot venstre. Vel oppe tek du av til venstre og følgjer stien til toppen av Jarskaret.

Vidare mot Simavatnet tek du i Jarskaret av mot aust og kryssar elva, går over myra og fortsett opp bakken eller gå opp og følge nipene - Storenipa. Du følgjer kanten eit stykke innover og dreier nordover innover dalen. Du dreier heile tida mot nordaust og du ser ryggen i nord. Når du er kommen opp på ryggen vil du kunne sjå Simavatnet, følg sørsida av ryggen ned til Simavatnet og Simabu som er eigd av Standal beitelag.

Ta gjerne turen over og opp på Høydalsnipa eller Hsteinen.

Ruta er teikna inn og det kan være avvik