Ord i Spor Aina Basso

Aina Basso - Dei dødsdømde Aina Basso (f. 1979) er frå Giske på Sunnmøre og har kvensk opphav på farssida. Ho er utdanna historikar og debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Seinare...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
21.mar
2023
kl 19:15

Detaljer

Aina Basso - Dei dødsdømde

Aina Basso (f. 1979) er frå Giske på Sunnmøre og har kvensk opphav på farssida. Ho er utdanna historikar og debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Seinare har ho skrive historiske romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge. Ho blei nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraurpris i 2013, Brageprisen i 2012 og 2022, og i 2022 blei ho tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho var festspeldiktar på Festspela i Ørsta/ Volda i 2022 og skal vere festivalforfattar på Falturiltu på Stord i 2023.

På Ord i Spor skal ho fortelje om forfattarskapen sin og arbeidet med dei historiske bøkene sine, som m.a. handlar om trolldomsprosessane i Finnmark, dødsstraffa i Noreg, forfølgjinga av romanifolket gjennom fleire hundreår og «englemakerskene» i Kristiania; pleiemødrene som blei stilt for retten i 1901, anklaga for å ha tatt livet av over tjue spedbarn dei hadde hatt i si pleie.

Praktisk info

Enjoy-kode: 204711
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker