OperaPub med OperaKysten - Svanøy

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje! OperaKysten, i samarbeid med Svanøy Folkeakademi, er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

29.okt
2021
kl 19:00

Detaljer

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje! OperaKysten, i samarbeid med Svanøy Folkeakademi, er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen for alvor!

  1. oktober brakar det laust med opera på Kjellarhuset kl. 19.00. Vær tidleg ute og kjøp billett på TicketCo! :) Billettpris 200,-

Ete fyst!

Som forrett til operaframsyninga vil vi anbefale å ete middag på Svanøy Hovedgård. Bistro To Kokkar serverer middag frå kl. 17.30 til 19.00. Kontakt Øystein Berge på 40402491 for bordbestilling (OBS! Førehandstingning her også).

Rutebåt frå Florø kl. 16.00 og kveldsruta går attende til Florø kl. 20.35.

Med støtte frå det lokale næringslivet rullar OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og kjem til eit lokale nær deg! Ein OperaPub-turné er akkurat det både vi og du treng for å lyse opp desse haustdagane i slutten av oktober. Våre artistar er velkjende for dykk allereie - Nora Oleanne Sårheim (sopran), Eivind Kandal (tenor) og Andreas Løken Taklo (klaver) gler seg stort til å syne fram programmet dei har sett saman av utdrag i frå både operette- og operalitteraturen. Kanskje får de også høyre litt av operaen vi set opp i januar 2022?

Har du allereie planar denne kvelden, har du følgande alternativ:

  • Avlys planane og kom på konserten likevel,
  • Ta med deg dei du har planar saman med på konsert likevel,

Sjekk resten av turnéplanen vår - det er kort reiseveg til dei andre turnéstoppa våre!

OperaKystens Operapubturné 2021 27.10.21 Lauget, Sandane 28.10.21 Husabula, Florø 29.10.21 Kjellerhuset, Svanøy 30.10.21 InSpire, Eikefjord Alle konsertane startar kl 19:00

Denne turnéen er støtta av: Sparebanken Sogn og Fjordane Sparebanken Vest Marø Havbruk Svanøy Havbruk Svanøy Grendalag BB ServiceSystem Rema 1000 Sandane Møbelringen Advokat Mardal Bravo Seafood Rusta Vrak Bilutleige

Praktisk info

Enjoy-kode: 869937
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.