OperaPub med OperaKysten - Florø

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje, OperaKysten er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen for alvor! Med støtte frå det...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

28.Oct
2021
7:00pm

Detaljer

Byrjar det å bli lenge sidan sist du fekk oppleve livemusikk? Fortvil ikkje, OperaKysten er på saka og er klare for å hjelpe deg med å starte konsertsesongen for alvor!

Med støtte frå det lokale næringslivet rullar OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og kjem til eit lokale nær deg! Ein OperaPub-turné er akkurat det både vi og du treng for å lyse opp desse haustdagane i slutten av oktober. Våre artistar er velkjende for dykk allereie - Nora Oleanne Sårheim (sopran), Eivind Kandal (tenor) og Andreas Løken Taklo (klaver) gler seg stort til å syne fram programmet dei har sett saman av utdrag i frå både operette- og operalitteraturen. Kanskje får de også høyre litt av operaen vi set opp i januar 2022?

Når øyre og sjel får påfyll er det alltid på sin plass med påfyll i munn og mage. Lokale leverandørar tilbyr noko matservering på desse konsertane, og du bestiller sjølv det du vil drikke til. Det er mogleg å kjøpe billett både med og utan mat.

(NB, billett med matservering MÅ tingast på førehand!)

Har du allereie planar denne kvelden, har du følgande alternativ:

  1. Avlys planane og kom på konserten likevel
  1. Ta med deg dei du har planar saman med på konsert likevel
  1. Sjekk resten av turnéplanen vår - det er kort reiseveg til dei andre turnéstoppa våre!

OperaKystens Operapubturné 2021

27.10.21 Lauget, Sandane

28.10.21 Husabula, Florø

29.10.21 Kjellerhuset, Svanøy

30.10.21 InSpire, Eikefjord

Alle konsertane startar kl 19:00

Denne turnéen er støtta av:

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest

Marø Havbruk

Svanøy Havbruk

Svanøy Grendalag

BB ServiceSystem

Rema 1000 Sandane

Møbelringen

Advokat Mardal

Bravo Seafood

Foto: Cecilia Molander

Praktisk info

Enjoy-kode: 945156
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker