OPA PRØVE: Bondetinget

27. august har Teater Vestland premiere på teaterframsyninga Bondetinget – ein dokumentarisk ’true crime’ om norsk landbrukspolitikk. Regi er ved Torkil Sandsund og på scena står skodespelar Kyrre...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

12.aug
2021
kl 13:00

Detaljer

  1. august har Teater Vestland premiere på teaterframsyninga Bondetinget – ein dokumentarisk ’true crime’ om norsk landbrukspolitikk. Regi er ved Torkil Sandsund og på scena står skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen.
  1. august er prøvene lagt til Trudvang ungdomshus i Dale. Publikum får høve til å oppleve korleis ensemblet arbeidar med dette stoffet:

I år feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer snautt 40.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 225.000 bønder gjorde etter krigen. Dagleg vert det lagt ned 3 gardsbruk, og aldri før har så få produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021.

Korleis kom vi hit? Kva hende med dei 200.000 som forlét næringa - og kva vil hende med dei som er att? Kan ein i det heile tatt snakke om at bonden er fri?

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøkning og eit djupdykk ned i historia, og denne opne prøva er eit høve til å få eit glimt inn i arbeidet under oppkøyringa fram mot premieren i slutten av august.

Den opne prøva er gratis og vi byr på kaffi og påsmurt. Velkomne!

Praktisk info

Enjoy-kode: 898849
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker