Om å elske og å miste

Velkomen på sommarsalong i Løa i Jakob Sande-tunet til forfattarmøte denne sundagen kl 16.00! (Arrangementet var tidlegare tillyst 11. april, men vart utsett gr...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

20.jun
2021
kl 16:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 267968
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Velkomen på sommarsalong i Løa i Jakob Sande-tunet til forfattarmøte denne sundagen kl 16.00!

(Arrangementet var tidlegare tillyst 11. april, men vart utsett gr korona-restriksjonar)

Arrangementet vert oppe på låven, Om det vert fullt, er det lydoverføring ned i floren kor det også er kaffi og søtbakst å få kjøpt

Marit O. Kaldhol og Katrine Sele er mellom våre høgst verdsette forfattarar i kvar sine sjangrar. Denne våren er dei begge aktuelle med nye bøker.

Enno var dei kroppar

I den nye novellesamlinga «enno var dei kroppar» skriv Marit O. Kaldhol om menneska på vandring, mange under harde kår. Slektskapen til Katrine Sele si førre bok, "Jølster hotell» vert eitt utgangspunkt for denne forfattarsamtalen.

Einars bok

I barnebiografien «Einars bok» som kom no , skriv Katrine Sele forteljinga om Einar Prestøy Sandsund som berre fekk leve til han var fire og eit halvt år og ein dag. Boka inviterer lesaren til å reflektere over kva det vil seie å elske og miste, å leve og dø. Også her finst eit samband mellom dei to forfattarskapane: I 1986 kom Kaldhol si sterke og vakre biletbok «Farvel, Rune» ut, med ugløymelege illustrasjonar av Wenche Øyen. Boka har blitt ståande som ein klassikar.

Katrine Sele og Marit O. Kaldhol les frå bøkene sine og reflekterer over korleis litterære erfaringar med sorg, tap og flukt kan peike på vegar vidare, ut av det vonde, for den som les. Samtalen vert leia av forfattar og leiar ved skrivekunstakademiet i Bergen, Sivert Nikolai Nesbø.

Arrangementet er ein del av programrekka «Lese. Leve» som er utvikla og produsert av Rom for ord med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.

Kart