star
star
star
star
star

Norddalsfjord Svanevatnet - Gjelefjellet - Lendingsholten, rundtur

Turen startar på vegen innover Norddalsfjord. Rett etter brua innerst i Norddalsfjord er det på venstre side av Fv 544 skilta til Svanevatnet. Følg skogsvegen opp Gjelet og vidare sti til...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 684272
Følg Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare på Fv 544
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar på vegen innover Norddalsfjord. Rett etter brua innerst i Norddalsfjord er det på venstre side av Fv 544 skilta til Svanevatnet. Følg skogsvegen opp Gjelet og vidare sti til Svanevatnet. Ved Svanevatnet tar du vestover fjellryggen og går mot Gjelefjellet som er 214 moh. Kryss så over til Lendingsholten på austsida av Lometjørna. Gå på vestsida av bekk / elv og vidare til Lendingsholten. Der er eit godt hjortetråkk du kan følgje. Fortset austover Lendingshoten og du kjem inn på den merka stien frå Storevatne. Følg denne til Svanevatnet og vidare ned same Gjelet du kom opp. Snart er du nede ved Fv 544..

Svanevatnet er eit spanande turmål og nokre huskar kanskje vinteren / våren 1979 og all merksemda omkring meteoritten, himmelsteinen eller kva det var som lagde stort hol i isen. (Firdaposten 24. april 1979)