Mrs and the Pitifuls Rhythm and Blues Band // Blå Resept

Velkommen til dobbelkonsert på Larris Scene. Dørene opnar kl 2000 // Konsert frå kl 2100 // ID 20 år. Billettpris kr 299,- Eigne billettar studentar. PRESSE Mrs and the Pitifuls Rhythm and Blues...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.nov
2021
kl 20:00

Detaljer

Velkommen til dobbelkonsert på Larris Scene. Dørene opnar kl 2000 // Konsert frå kl 2100 // ID 20 år. Billettpris kr 299,- Eigne billettar studentar.

PRESSE

Mrs and the Pitifuls Rhythm and Blues Band “Pitifuls” vart etablert i 2006 og har etter 15 år sett standarden som eit kortreist rhythm & blues, soul og funk band. Musikken blir ekte, uforfalska hits innan denne genren med trøkk og spenst heile vegen. Vi kan høyre musikk frå Stevie Wonder, Blues Brothers, Steely Dan, James Brown, Earth Wind & Fire og mykje meir. Pitifuls er 11 mann av begge kjønn med blåserekke i rustfritt stål, 4 songarar med gull i strupen og eit hardtslåande komp som set eit rytmisk grunnlag som får eitkvart lokale til å dirre.

Idun Losnegård: frontvokalist June Svidal Myren: vokal Hilde Hegrenes: vokal May Helen Vik: vokal Trude Skarvatun: trompet Gunnar Onarheim: saxofoner Kjetil Høidal: trombone Erlend Os:. tangenter og vokal Jacob Wyrtz: gitarer Reimund Hoclas: bass Arne Hammer: trommer

Blå resept Blå Resept er eit bluesband med base i Førde som starta opp i 2018. Blå Resept har som mål å gje publikum genuin rytmisk blues som er lett å like og som kjennest i kroppen. Når Blå Resept sette opp settlista til spelinga på Larris har vi gått tilbake til røtene med Robert Johnsen, BB King og Eric Clapton. Vi følgjer linja med kvinnelege vokalistar frå konseptet Fjordakvinner syng blues på Blå Resept med Etta James, Koko Taylor, Esther Phillps, Queen Sylvia Embry, Big Mama Thornton og Beth Hart. Til spelinga på Larris har Blå Resept tre nye medlemmer i tillegg til gründerane: Hildegunn Vederhus, vokalist frå Selje, utdanna jazzvokalist ved Norges musikkhøgskule. Ho er svært interessert i dei ulike teknikkane bluessongarar brukar, noko ho får bruk for i Blå Resept. Jacob Wyrtz, gitarist busett i Førde. Jacob er distriktsmusikar ved Sunnfjord kulturskule. Han er allsidig som musikar og speler bluegrass, pop, klassisk funk og blues, som her med Blå resept. Bjarne Iestra, saksofonist busett på Sandane. Bjarne har lang erfaring som frilansmusikar og jobbar som musikklærer på Sandane. Bjarne kjenner seg heime i dei ulike bluesstilane Blå Resept framfører. Den “harde” kjernen: Ronald Muri: tangenter Johan Bengtsson: bass Dimiter Stoianov: trommer

Praktisk info

Enjoy-kode: 720292
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.