Motorpsycho m/venner - konsert i eventyrskogen!

- Årets konsertoppleving ! Årets festivalavslutning er ei hending det kjem til å gå gjetord om i åra framover: Sjølvaste Motorpsycho spelar konsert i eventyrskogen ! Sjølv om Motorpsycho har...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.sept
2021
kl 21:00

Detaljer

  • Årets konsertoppleving !

Årets festivalavslutning er ei hending det kjem til å gå gjetord om i åra framover: Sjølvaste Motorpsycho spelar konsert i eventyrskogen !

Sjølv om Motorpsycho har halde seg i tet som eit av dei største rockebanda i Noreg dei siste tretti åra, har bandet alltid søkt nye vegar. Når dei no kjem til Teaterfestivalen er det saman med teaterkompaniet De Utvalgte, som vil stå for den visuelle og konseptuelle ramma saman med bandet. Utan å røpe for mykje, kan vi seie: skaff dykk billett, som snarast!

Motorpsycho har i alle år vore grensesprengande når det gjeld ulike musikksjangrar. Musikken deira er kompromisslaus, eksperimentell, og rører seg innanfor sjangrar som psykedelisk rock, progrock, jazz, metal og punk. Bandet har base i Trondheim, og spelar over store delar av verda.

Ta med sitteunderlag og bli med på årets konsertoppleving!

Medverkande: Motorpsycho: Bent Sæther, Hans Magnus «Snah» Ryan og Thomas Järmyr. De Utvalgte: Boya Bøckman, Kari Holtan, Torbjørn Davidsen, Anne Holtan og Anne Gerd Grimsby Haarr. Koreograf: Kristin Rygh Helgebostad. Dansarar frå Fjaler. Produsert av Teaterfestivalen i samarbeid med De Utvalgte. Støtta av Norsk Kulturråd.

Praktisk info

Enjoy-kode: 207801
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker