Mari Boine med band

Velkomen til magiske kveldstimar på Jaslangen i Vestre Slidre! Konsertscena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Til sommaren er det internasjonalt...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.jul
2022
kl 20:30

Detaljer

Velkomen til magiske kveldstimar på Jaslangen i Vestre Slidre!

Konsertscena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Til sommaren er det internasjonalt anerkjende Mari Boine med band som skal tonesette sommarkvelden på Jaslangen!

Boine har skapt eit svært personleg uttrykk med element frå rock og joik, jazz og folkemusikk – og musikk frå andre kulturar. Ho er Noregs fremste representant innan verdsmusikken og har hausta stor internasjonal anerkjenning for musikken sin i alle dei åra ho har halde på.

Billettar: Billettar bestiller du i Ticketco, eller du kan kjøpe på staden.

Konsert, mat og overnatting: Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat, ei god seng – i tillegg til konserten med Boine. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling av billett, mat og seng – kontakt Gomobu Fjellstue her: www.gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10

Bil: Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells!

Buss: Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15). Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang.19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter – Nøsen – Jaslangen. Du må førehandsbestille bussbillett for å nytte deg av dette tilbodet.

11.07.22 KL. 23:00: SAL AV BUSSBILLETTAR FRÅ SLIDRE RØN OG FAGERNES ER NO AVSLUTTA.

Foto: Gregor Hohenberg

Praktisk info

Enjoy-kode: 295936
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker